HUSMANN  
-eit musikkteater om husmannslivet i Hardanger-
Årets Husmannstovetreff i Kvemmadokkje vert laurdag 13.juli 2019.

 KJØP BILLETT 


Om stykket

HUSMANN er eit bestillingsverk laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik og har urframføring 13.juli 2019. Det er eit musikkteater der manuset er skriven av den prislønna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin. Musikken er laga av duoen Djønne&Børsheim som består av Rannveig Djønne frå Djønno i Ullensvang på toradar og Annlaug Børsheim frå Ulvik på feler, song og gitar. Duoen skal sjølve stå på scena saman med dei røynde og dyktige skodespelarane Morten Svartveit frå Voss, kjent frå m a TV-serien "Heimebane" på NRK, og Kjærsti Odden Skjeldal frå Fredrikstad kjent frå m.a. "Heim 2" på Hordaland Teater. 

Manuset er skrive med inspirasjon frå husmannslivet i Hardanger og musikken hentar inspirasjon frå tradisjonsmusikken.


Me gler oss til å høyra og sjå musikkteateret på utescena i tunet på Kvemmadokkje Husmannsplass! Velkomne skal de vera!


Medverkande:

Ruth Lillegraven

Annlaug Børsheim

Rannveig Djønne

Mortein Svartveit

Kjærsti Odden Skjeldal






Våre støttespelarar

undefined


Kvemmadokkje
Video frå Kvemmadokkje
Presentasjonsvideo
Video frå Kvemmadokkje Husmannsplass
Arrangement1ENGLISH VIDEO
Video presentation of Kvemmadokkje
billett
Bestill billett
Billettar til komande arrangement
Overnatting1
Overnatting
Bu og overnatt på husmannsplassen

Sjå kontaktinformasjon

E-post: post@kvemmadokkje.no

Telefon:
56 52 62 70 / 915 87 738