2016 - MOLDESTAD/NORDSTOGA og SVER  

Laurdag 16.juli er det igjen klart for Husmannstovetreff i Kvemmadokkje, med utandørs konsert. Det er 10 år sidan fyrste arrangementet vårt i Kvemmadokkje, og det er med stor glede me kan by på denne flotte buketten av eminente musikarar: 

Oppvarming ved Annlaug Børsheim/Rannveig Djønne/Eli Børsheim Kvåle/Torkjell Lunde Børsheim. 

Hovudartistar: Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og folkemusikkgruppa SVER.        KJØP BILLETT 


Fyrsteslåtten  Foto: Sigrid Moldestad


"Fyrsteslåtten - ein folkemusikalsk sommarturnè"

Sigrid Moldestad og Aasmund Nordstoga, to av våre mest kjende og kjære folkesongarar, møter

folkbandet SVER i en forrykende konsert.


Etter eit vellykka samarbeid under Røros Folk Festival i 2015 slår dei tre aktørane seg saman til fem nye konsertar i perioden mai - august 2016. Det startar på Folkemusikkveka på Ål i mai og blir avslutta under Telemarkfestivalen i Bø i august. I mellom desse to store folkemusikkhendingane er det tre svært driftige arrangørar som får besøk, alle med svært særeigne konsertscener: Kvemmadokkje husmannsplass i Ulvik, Nothuset til Masfjorden båt- og sjøbrukssamling og Neset gard i Rauland.

Felles for alle arrangørane er ein tydeleg bruk av nynorsk i sin marknadsføring av konsertar og arrangør. Det passar bra sidan også både Moldestad og Nordstoga held fast både på dialekt og bruk av nynorsk.

Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord har eit kraftfullt bogedrag og ein særegen stemme. 
Ho maktar gong på gong å røre ved heile kjensleregisteret til lyttaren. Med trygge røter i folkemusikken skapar Moldestad genrelause og grenselause møtestadar. 

Aasmund Nordstoga frå Vinje er ein kjend profil i Noreg, både som tidlegare hallomann på NRK og som folkesongar. Han har gjort stor suksess med sine viseplater og hatt låtar liggande på spelelistene på radio. 

SVER er folkemusikkbandet med stor trøkk og høg partyfaktor. Med sin hardtslåande miks av tradisjonell og nyskrive folkemusikk, har gruppa spelt på festivalar, klubbar og scener over store deler av Europa. 


Medverkande:

Sigrid Moldestad - vokal, hardingfele & fele
Aasmund Nordstoga - vokal

SVER:

Olav Luksengård Mjelva - fele & hardingfele
Anders Hall - fele & bratsj
Leif Ingvar Ranøien- toradar
Adam Johansson - gitar
Jonas Østbyhaug - bass
Jens Linell - trommer

«Det ble en opphetet stemning i lokalet, med tilbakevendende stående trampeklapp da sangduoen og musikerne i Sver skulle gå av scena.» Arbeidets Rett, juni 2015 


Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim vaks opp i den solide folkemusikktradisjonen i Hardanger, men har skapt sitt eige uttrykk og henta inspirasjon frå mellom anna dei britiske øyer. Dei to har funne kvarandre i lynne, som komponistar og som utøvarar. Dei tek i bruk tradisjonelle slåttar og songar frå Hardanger i uttrykket sitt, samstundes som dei skapar ny musikk og tekst i både tradisjonelle og nye former. Begge er opptekne av sterke melodiar, og freistar å framheva desse ut i frå verkemidla dei har tilgjengeleg i duoen. 

På konserten i Kvemmadokkje har dei med seg Eli Børsheim Kvåle som dansar, spelar og syng og dansaren Torkjell Lunde Børsheim, begge frå Ulvik. Dei er mellom dei fremste aktørane i folkedans i regionen vår.


Våre støttespelarar



Kvemmadokkje
Video frå Kvemmadokkje
Presentasjonsvideo
Video frå Kvemmadokkje Husmannsplass
Arrangement1ENGLISH VIDEO
Video presentation of Kvemmadokkje
billett
Bestill billett
Billettar til komande arrangement
Overnatting1
Overnatting
Bu og overnatt på husmannsplassen

Sjå kontaktinformasjon

E-post: post@kvemmadokkje.no

Telefon:
56 52 62 70 / 915 87 738