Kulturlandskapsprisen 2013

Kvemmadokkje Husmannsplass fekk tildelt Kulturlandskapsprisen i 2013 av Fylkesmannen i Hordaland.


Fylkesmann og nabo Lars Sponheim delte ut prisen til Toril og Johan.
Foto: Reinhold Kager


Saksa frå Fylkesmannen i Hordaland sine heimesider:
"Fylkesmann Lars Sponheim delte ut Kulturlandskapsprisen 2013 på kr 50 000,- til Toril L. og Johan Børsheim for deira mangeårige innsats for deira arbeid med restaurering og utvikling av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik.
 
Fredag 18. oktober vart årets pris delt ut for den 18. gongen på eit arrangement i Kvemmadokkje på Børsheim gard i Ulvik.  I 1995 tok landbruksdirektør Ole Bakkebø initiativ for å etablere ei pris som skulle fremme merksemda rundt den rolla som bonden har utover det å være matprodusent, men også å være ein forvaltar og skjøttar av landskapsverdiar i jordbrukets kulturlandskapet i Hordaland.
 
Årets tema for prisen er «Ny bruk av ledige landbruksbygg». Dette temaet er knytt til dei utfordringane som ligg i at fleire og fleire bygg går ut av bruk og forfell på gardsbruka kringom i Hordaland og landet elles.
 
I år har vi jakta på kandidatar på dei som har vist interesse og kompetanse på å ta i bruk dei ledige, og hatt som strategi å forvalta og skjøtta bygga på ei fram i frå måte, og skapt ny næring med utgangspunkt i eigne ressursar.
 
Kommunane i Hordaland melde inn 20 kandidatar. Juryen for prisen er Kulturlandskapsgruppa, og er ei breitt samansett jury med representantar frå Hordaland fylkeskommune, representantar frå kommunane i Hordaland, Universitetet i Bergen, Landbruksrådgjevinga, Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde og Småbrukarlag og Fylkesmannens landbruks- og miljøvernavdeling. Fylkesordførar og Fylkesmann deler anna kvart år prisen på eit arrangement hjå prisvinnaren. Vinnaren av årets pris vert Hordaland sin kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen i 2014.
 
Juryen valte å prioritere 4 kandidatar av dei 20 kandidatane, før ein einstemming jury valte Kvemmadokkje på Børsheim gard her i Ulvik som vinnar av Kulturlandskapsprisen 2013.
 
Juryen grunngjev overrekkinga av prisen med:
 
«Eigarane av husmannsplassen Kvemmadokkje på Børsheim gard i Ulvik har på ei heilskapleg måte restaurert bygningane på husmannsplassen samstundes om kunnskapen om dei tradisjonelle driftsformane på ein husmannsplass har vore vidareført. Både bygningar og dei gamle kulturmarkane som ligg i nær tilknyting til plassen er restaurerte og tatt i bruk til slått og beite. Eigarane har i prosessen med restaurering knytt til seg kompetanse frå nokre av dei dyktigaste handtverkarane i regionen, samstundes som dei har tatt utdanning innan lokalhistorie og restaureringsteknikkar. Denne kompetansen er vidareformidla gjennom dei årlege husmannsplasstreffa eller ved guida omvisingar. For å skape ny næring på plassen har dei tatt bygga i bruk til servering og overnatting. Kreativiteten har vore svært stor når det gjeld å skap ny næring og merksemd om produktet. Både bygg og landskap er nytta som arena for formidling, konsertar og teater både med lokale og internasjonale artistar. Kvemmadokkje er eit framifrå døme på korleis Ny bruk av ledige landbruksbygg vert ei ressurs for garden, og vil verte nytta som døme og inspirasjon for andre i fylket som går med tilsvarande idear."



Toril og Johan flankert av juryen, landbruksdirektøren i Hordaland, ordførar i Ulvik og Fylkesmann i Hordaland.. På trappa utanfor husmannsstova.
Foto: Reinhold Kager



Gjestene fekk ein rundtur i deler av kulturlandskapet som ligg på garden. Johan fortel her om ryddinga av teigen på Gjerdeshaugen. I bakgrunnen ser ein ei stubjørk.
Foto: Reinhold Kager


Tusen hjarteleg takk for at me fekk tildelt prisen. Det varmar, og gjev inspirasjon til vidare arbeid i framtida!

Beste helsing,
Toril og Johan


NB!
For fleire bilete frå hendinga kan du trykkje på denne lenkja.

Les nettartikkelen frå Avisa Hordaland onsdag 16.oktober 2013 her:

Artikkelen i papiravisa torsdag 17.oktober 2013 les du her og her.

Kvemmadokkje
Video frå Kvemmadokkje
Presentasjonsvideo
Video frå Kvemmadokkje Husmannsplass
Arrangement1ENGLISH VIDEO
Video presentation of Kvemmadokkje
billett
Bestill billett
Billettar til komande arrangement
Overnatting1
Overnatting
Bu og overnatt på husmannsplassen

Sjå kontaktinformasjon

E-post: post@kvemmadokkje.no

Telefon:
56 52 62 70 / 915 87 738