2013 - Jeanne d'Arc. Teater med Juni Dahr

Juni Dahr kom til Kvemmadokkje laurdag 8.juni 2013 og spela stykket "Jeanne d`Arc" for oss.
Elisabeth Aasen fortalde om "Visjonære kvinner i mellomalderen" i forkant av stykket.

Det vart ein flott kveld i Kvemmadokkje med opphaldsver. Taket på utescena vart tatt ned, og Juni Dahr fekk eit stort scenerom som ho fylte meisterleg bra. Ei imponerande framføring som gav ståande applaus frå eit nøgd publikum!

Litt meir om stykket:
Jeanne d?Arc vart fødd under Hundreårskrigen mellom England og Frankrike (1337-1453). Da ho var 13 år tok ho til å høyre røyster som ho meinte kalla henne til ei stor oppgåve: å hjelpe Charles VII til å bli krona konge i Frankrike. Desse røystene skulle komme til å leie henne gjennom resten av hennar liv.

Jeanne d?Arc talar til oss også i dag. Hennar liv er ei utfordring til oss alle. Dette er eit drama om den absolutte lidenskap. Om ei kvinne som er så trufast mot sitt eige, brennande bodskap at ho ofrar alt for det ho trur på. 

Stykket «Jeanne d?Arc ? visjon gjennom eld» byggjer på originale tekster og på Jeannes eigne ord frå rettsdokumenta. Ho vart klaga for å vere heks og kjettar og dømd til døden på bålet i 1431, 19 år gammal. (Henta frå http://www.dahr.no/)

Juni_Dahr_-_T_Hjartnes
Juni Dahr på utescena i Kvemmadokkje. Det vart flotte kulissar denne kvelden!
Foto: Terje Hjartnes/Avisa Hordaland



E_Aasen
Elisabeth Aasen heldt eit interessant føredrag der ho fortalde om "Visjonære kvinner i mellomalderen".
Foto: Terje Hjartnes/Avisa Hordaland


Ståande applaus.
Juni Dahr og fløytist Chris Poole spelte til ståande applaus!
Foto: Andreas Ljones


Sjå fleire bilete av arrangementet i fotoalbumet vårt på Facebook. Direkte lenkje finn du her.

Førehandsomtale i Avisa Hordaland den 2.mai 2013 kan du lesa her.
Omtale av arrangementet i Avisa Hordaland les du her.

I tillegg har Kvitanesen skrive om kvelden i Kvemmadokkje. Les historia om "Juni i juni" her.

Takk til alle som kom og såg på, og takk til alle som hjalp til under arrangementet.
Velkomen attende!


Våre støttespelarar
Sponsor_2013

Kvemmadokkje
Video frå Kvemmadokkje
Presentasjonsvideo
Video frå Kvemmadokkje Husmannsplass
Arrangement1ENGLISH VIDEO
Video presentation of Kvemmadokkje
billett
Bestill billett
Billettar til komande arrangement
Overnatting1
Overnatting
Bu og overnatt på husmannsplassen

Sjå kontaktinformasjon

E-post: post@kvemmadokkje.no

Telefon:
56 52 62 70 / 915 87 738