Turar frå Kvemmadokkje

Me kan tilby guida fotturar i nærområdet med utgangspunkt frå Kvemmadokkje.

turkart 

Turane vil gå innom ein eller begge to av stølane som høyrer til Børsheim, Skitnasete og Snipo.
Der kan me tilby servering av mat og drikke.

Det er høve til å leiga stølshusa for overnatting om ein ynskjer det.

kvhovden_w240                Vegen gjennom Aosen                              Utsikt frå Kvasshovden                           Skitnasete

Her er nokre av turalternativa:

1. Kvemmadokkje - Skitnasete - Kvemmadokkje
Denne turen går langs stølsvegen i kupèrt terreng med jamn stigning til Skitnasete som ligg om lag 530 m.o.h. Tidsbruk 2 -3 timar.

2. Kvemmadokkje - Skitnasete - Snipo - Kvemmadokkje
Frå Skitnasete går turen vidare oppetter liene til den høgastliggjande stølen vår, Snipo. 730 m.o.h. Her kan ein om det er ynskjeleg ta seg ein forfriskande dukkert eller prøva fiskelukka i Snipetjørnet.
Tidsbruk 3 - 4 timar.

3. Kvemmadokkje - Skitnasete - Snipo - Gunnarsete - Litlastøl - Kvemmadokkje
Denne turen kan ein gå begge vegar. Frå Snipo går ein i lett kupèrt terreng, med lett helling ned til Gunnarsete. På desse høgdene får ein flott utstyn over bygda. På veg til Gunnarsete kjem ein inn på trasèen til motbakkeløpet Kvasshovden Opp og fylgjer denne merka løypa heile vegen til Børsheim og Kvemmadokkje.
Tidsbruk 3,5 - 4,5 timar.

4. Kvemmadokkje - Skitnasete - Angerskleiv - Furusete - Anveslèe - Kvemmadokkje
Denne rundturen går vidare frå Skitnasete til Angerskleiv, der heradsgrensa mellom Granvin og Ulvik går. Så går turen nedover til Furusete før ein endar opp i Aosen, rett ved Kvemmadokkje. På deler av turen går ein kjerrevegen til den gamle Postvegen som vart nytta før i gamle dagar. Ein flott tur viss det er litt utriveleg ver og lite utsikt.
Tidsbruk 3-4 timar.

5. Kvemmadokkje - Aosen - Kvemmadokkje
Dette er ein kort tur for dei som berre vil ein liten tur ut i terrenget. Me går til Aosen, innmarksbeitet på Børsheim. Der står tuftene att av ein av mange husmannsplassar som låg under gardane på Børsheim før i tida.
Tidsbruk 1 time

snipo2_w240        Snipo                                                       Snipevatnet med Snipo i bakgrunnen       Skitnasete


Sjå kartet for ein oversikt av området og turtrasèane.
Pris etter avtale.

Kvemmadokkje
Video frå Kvemmadokkje
Presentasjonsvideo
Video frå Kvemmadokkje Husmannsplass
Arrangement1ENGLISH VIDEO
Video presentation of Kvemmadokkje
billett
Bestill billett
Billettar til komande arrangement
Overnatting1
Overnatting
Bu og overnatt på husmannsplassen

Sjå kontaktinformasjon

E-post: post@kvemmadokkje.no

Telefon:
56 52 62 70 / 915 87 738