2009 - Alexander Rybak med FRIKAR dance company

15.august 2009 kom den ferske vinnaren av Eurovision 2009 i Moskva til vesle Ulvik og Kvemmadokkje Husmannsplass.

Alexander Rybak m/ band og FRIKAR dance company sette Kvemmadokkje på hovudet og har til dags dato vore det største arrangementet som har funne stad her. Omlag 1200 stk var innom gjerdet for å oppleva dette - og dei heldt ut sjølv om denne dagen var den våtaste dagen denne sommaren. Det kom folk frå heile vestlandet, ja til og med frå Ukraina og Russland! Takk til alle gode hjelparar som hjalp oss med å gjennomføra dette arrangementet!


Alexander Rybak band: Hilmar Kristoffersen, Trygve Tambs Lyche, Odd Norvall Ramstad og Torfinn Thorsen.

FRIKAR: Sigbjørn Rua , Ådne R.G. Kolbjørnshus, Torkjell Lunde Børsheim og Andreas Ljones. FRIKAR dance company.

Før Rybak og FRIKAR entra scena spelte Annlaug Børsheim med band: Erlend Styve, Øystein Lydo og Kåre Opheim.


Alexander Rybak med FRIKAR dance company!
Foto: Reinhold Kager


Det var godt å ha låven som innandørs kafe når regnet pøsa ned. 
Foto: Bjørn Senderud



Lengste køen som har vore på Børsheim!
Foto: Bjørn Senderud


Annlaug Børsheim med band.
Foto: Bjørn Senderud



God stemning hjå publikum.
Foto: Bjørn Senderud

Sjå fleire bilete frå framsyninga på Facebooksida vår. Direkte lenkje finn du her.

Kvemmadokkje
Video frå Kvemmadokkje
Presentasjonsvideo
Video frå Kvemmadokkje Husmannsplass
Arrangement1ENGLISH VIDEO
Video presentation of Kvemmadokkje
billett
Bestill billett
Billettar til komande arrangement
Overnatting1
Overnatting
Bu og overnatt på husmannsplassen

Sjå kontaktinformasjon

E-post: post@kvemmadokkje.no

Telefon:
56 52 62 70 / 915 87 738