Om Kvemmadokkje

Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik. Den ligg ca. 200 m vest for hovudtunet.
Siste husmannen dreiv til om lag 1930. Yngste dottera hans budde her til 1967. Husmannsplassen vart restaurert for få år sidan og fortel om korleis husmannsfolket hadde det.



Første husmannen kom frå Kvam, kvemming. Plasset ligg i eit dokk, eit søkk. Derav namnet Kvemmadokkje. Ein husmann var ein som leigde jord hjå ein gardbrukar. Første husmannen Johannes Arnesson Ålvik kom frå Kvam og festa plasset i 1823. Gunnar Børsheim frå Bergo overtok plasset i 1869. Han gifte seg med Ingebjørg frå Bagne.Dei fekk 12 born. I 1880-åra bygde dei på husa slik dei står i dag. Yngste dottera Gurid som var utdanna skreddar i Bergen busette seg på plasset i 1920-åra for å stella foreldra. Dei døydde kring 1930. I 1935 vart plasset nedlagt og overteke av hovudbruket. Gurid som var ugift fekk rett til å bu der i si levetid. Ho budde der til 1967 og døydde i 1971. Då overtok hovudbruket husa. I 1970-åra vart det gjort noko vedlikehaldsarbeid på plasset, m.a. vart det lagt platetak på stovehuset.


Kring år 2000 var det tid for ei større utvendig restaurering av plasset. Grunnarbeid, oppattmuring av gråsteinsmurane, ny kledning og nytt rastatak på stovehuset. Arbeidet vart støtta med kulturvernmidlar frå Ulvik herad og kulturlandskapsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland. Innvendig er husa slik dei var då husmannsfolket budde der. Me ynskjer at plasset skal fortelja litt om korleis husmannsfolket hadde det.
Seinare har vatn og avløp med nytt kjøken og sanitæranlegg gjort det mogeleg å nytta plasset betre til tilskipingar m.m. Der er også høve til overnatting.

Husmannsplassen vert årleg nytta til større konsertar og framsyningar. Siste året er det også kome til eit grindbygg som både kan vera selskapslokale, møterom og scene for kulturaktivitet.

IMG_1911 Om_kvemmadokkje_2


Børsheim gard, med Kvemmadokkje i bakgrunnen.

Kvemmadokkje
Video frå Kvemmadokkje
Presentasjonsvideo
Video frå Kvemmadokkje Husmannsplass
Arrangement1ENGLISH VIDEO
Video presentation of Kvemmadokkje
billett
Bestill billett
Billettar til komande arrangement
Overnatting1
Overnatting
Bu og overnatt på husmannsplassen

Sjå kontaktinformasjon

E-post: post@kvemmadokkje.no

Telefon:
56 52 62 70 / 915 87 738